fredag 4. september 2009

Arbeiderpartiet


I samfunnsfag har me no om valg og derfor skal eg skrive eit lite innlegg om eit politisk parti. Arbeidarpartiet er det partiet eg skal skrive litt om.

Arbeidarpartiet (Ap) er det partiet i Noreg som har hatt mest makt etter 2. verdenskrig. Det er også Ap som dannar regjering no, med Jens Stoltenberg som statsminister. Jens Stoltenberg er ledar for Ap.

Partiet vart stifta i Arendal i 1887. Det vart stifta for å organisere arbeidslivet og samfunnet til å bli meir rettferdig og sosialistisk. Politikken til Ap står for likestilling, fordeling av ressursar frå dei som tenar mykje til dei som ikkje tenar så mykje, eller ikkje kan arbeide.

No er det snart val igjenn og dei sakane Arbeidarpartiet fokuserar på under valet er :
- Arbeid for alle og bra arbeidmiljø
- Skule og utdanning. Ap vil ha fleire og betre lærarar, gratis og god utdanning, og lengre skuledag.
- Helse og eldre. Arbeidarpartiet ville bruke meir pengar på sjukehus, felles helsevesen og sjukeheimsplass til alle som treng det.
- Miljø og klima. Vil ha meir miljøvennlege bilar, stoppe avskoging.

Arbeidarpartiets heimeside her !

tirsdag 31. mars 2009

RINGENES HERRE


No har vi eit kapittel i Norsk som handlar om eventyr, historiar som har vandra rundt i Noreg generasjonar etter generasjonar. I boka las vi litt om Ringenes Herre, og me såg og filmen i tillegg.

Ringenes Herre er ein film som handlar om mektige ringar som styrer verda. Det er blitt laga mange ringar, men det var blitt laga ein spesiell ring som var mektigare og kunne styre over alle dei andre ringane. Den mektigaste ringen var laga av ein ond herskar som vart kalla Sauron. Denne ringen kunne ikkje bli øydelagd av noko, untatt den plassen den vart laga, inne i eit vulkansk fjell.

Frodo er ein hobbit som bur i Hobbysel i Lommelund. Han er ein smart, omtenksom og tøff hobbit. Der bur han i lag med mange andre hobbittar, og har eit godt liv. Onkelen hans, Bilbo bur også der. Gandalv er ein trollmann, og han har sterk tru på Frodo. Bilbo byrjar å bli gammal. Han har alltid snakka om å reise frå Hobbysel, men har aldri klart og gjort dette. Men han bestemmer seg for å endeleg reise frå byen. Gandalv får vite dette før alle dei andre. Han får også vite om ringen som Bilbo har. Ringen er den mektigaste av alle ringane. Gandalv er med Bilbo rett før han reiser. Dei snakkar om ringen, og Gandalv meiner Bilbo skal legge ringen igjen, han meiner at han skal overlate ringen til Frodo. Bilbo sliter med å gje frå seg ringen, men legg han frå seg inne i huset før han reiser. Gandalv gir ringen til Frodo. Han forklarer makta til ringen.

Frodo må reise frå byen. Han er den nye ringbæreren til den mektigaste ringen av alle. Ein av hobbitane, Sam blir med Frodo. Dei reiser fort, slik at Sauron's menn ikkje får tak i ringen. Då han har reist eit stykke treff han Gandalv. Når dei kjem eit stykke kjem dei der Bilbo bur, og treff han der. Oppdraget til Frodo var å føre ringen dit. No har dei ei samling med dei andre som er mot Sauron, og prøver å redde ringen frå han. Der dannar dei ringenes brorskap, med ni medlemmer. Frodo er ennå ringbæreren.

På vegen møter dei på mange hindringar, men ringenes brorskap klarer å kjempe seg vidare. Men i enden på den eine vegen treff dei på det mektigaste dyret i fjellet. Alle kjem seg unna, unntatt Gandalv. Han dett ned i ei stor sprekk i jorda. Når dei går vidare døyr nokre av dei i slaget mot Sauron's menn. Frodo bestemmmer seg dermed for å reise vidare åleine. Men rett før han skal til å ro av gårde får han med seg Sam. Dei to reiser vidare, og nå er dei endå nærare fjellet. Det er fleire filmar i serien, så i neste film får vi nok sjå korleis det går med ringen, Frodo og Ringens brorskap.

fredag 13. mars 2009

Skidag på Gullingen


På onsdag var heile skulen på Gullingen. Me stod i trekket der. Veret var fint, og turen var heilt topp. Me tok buss opp. Eg har slalomski sjølve, så eg slapp å stå i kø for å leie ski. Eg rann meste heile tida, men tida gjekk fort til me skulle reise heim igjenn. Me reiste heim igjenn klokka 15. Eg hoppa av bussen i "Bygdå", der eg bur, og var heime rundt 17. Eg hadde stått på slalomski ein gong før denne turen, men det var i eit anna skitrekk.

torsdag 5. mars 2009

Norrøn tid


No har me norsk, og kapittelet vi held på med handlar om norrøn tid. Vi har lært om vikingar, dei norønne gudane, Håvamål + mykje meir. Vi har lese om dei forskjellige gudane som fantest då, Odin, Tor med hammaren, Frøya, Loke osv. Vikingtida varte frå ca. 800- 1500 etter Kristus, og det er denne tida vi ser nærare på i dette kapitlet.

Sjølv syntest eg dette kapitlet er greit nok. Eg interesserar meg ikkje så mykje om dette, men det er spanande å lære noko nytt om det.